Lagtinget på Færøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lagtinget (færøysk Løgtingið [ˈlœktɪŋge]Færøyane, eller Føroya løgting er den færøyske nasjonalforsamlinga. Som med AlltingetIsland og TynwaldMan kan denne tingtradisjonen sporast tusen år tilbake i tid, og forsamlinga er dermed blant dei eldste i verda.

Fram til 1557 blei tinget halde utandørs på Tinganes, om lag to gonger i året. Ingen av lovene var skrivne ned, så desse måtte hugsast av løgsøgumaðurin, som leidde tinget. Det noverande Lagtingshuset (Løgtingshúsið), eit trehus frå 1856, ligg sentralt i sentrum av Tórshavn ved sidan av det moderne kontorbygget til Lagtinget med dagens møtesal. Møta blir i dag leidde av lagtingsformannen.

Sidan Heimestyreloven av 31. mars 1948 blei verksam har færøyingane vald si eiga nasjonalforsamling og regjering. Lagtinget har 33 medlemmer frå seks parti, alle direktevalde i éin valkrins. Røysteføre er alle over 18 år. Riksombudsmannen representerer Danmark på Færøyane og deltek i møte på Lagtinget utan røysterett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lagtinget på Færøyane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]