Laholms kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laholms kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Hallands län
Landskap Halland
Del av Halland, Q31883951, Q61546070
Centralort Laholm
Areal 907 km²
 - land 888 km²
 - vatn 18 km²
Folketal 20 153
Folketettleik 22 / km²
Kart
Laholms kommun
56°31′00″N 13°02′00″E / 56.516666666667°N 13.033333333333°E / 56.516666666667; 13.033333333333
Wikimedia Commons: Laholm Municipality
Nettstad: www.laholm.se

Laholms kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Innanfor Hallands län grensar kommunen til Halmstads kommun i nord. Dessutan grensar han til Båstads kommun, Ängelholms kommun og Örkelljunga kommun i Skåne län i sør, og til Markaryds kommun og Ljungby kommun i Kronobergs län, i høvesvis aust og nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Laholm.

Landskapet i kommunen er hovudsakleg småkupert. Ein finn barskog og myrar i aust og nord, og slettelandskap i vest. Kysten er sandrik. Når det gjeld næringsvegar, er det mykje verkstad-, plast- og næringsmiddelindustri i kommunen, i tillegg til jord- og skogbruk. Oppdrett av laks er også ei viktig næring.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Laholms kommun omfattar elleve opphavlege einingar (Laholms stad og ti sokn), som vart gjorde til kommunar då kommunalforordningane tredde i kraft i 1863. Denne ordninga gjaldt fram til kommunereforma i 1952, som hadde innverknad på området gjennom at kommunane Tjärby og Veinge vart slegne saman til storkommunen Veinge, Ränneslöv og Ysby danna Ränneslöv, samt at Karups landskommun vart oppretta ved samanslåing av Hasslöv, Skummeslöv og Östra Karup. Dei andre landskommunane, samt Laholms stad heldt fram slik dei var. I 1971 vart Laholms landskommun, samt Våxtorp og forsamlingane Hasslöv og Skummeslöv frå den oppløyste Karups kommun, slegen saman med Laholms stad og danna Laholms kommun. Kommunen vart slik han var i dag i 1974, då også Hishult, Knäred, Ränneslöv og Veinge vart innlemma i kommunen.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, tre vassrette laksar i sølv og raudt.[1]

Fiskane kjem frå seglet byen hadde i mellomalderen. Då våpenet skulle fastsetjast av kongen på 1940-talet, vart dei definerte som laksar. Etter kommunesamanslåinga vart våpenet registrert for Laholms kommun i Patent- och registreringsverket i 1974. Frå 1960-talet fanst det også to andre våpen innanfor kommunegrensa.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 14 tettstader i Laholms kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Laholm 5 835
2. Mellbystrand 1 681
3. Veinge 1 176
4. Knäred 1 129
5. Våxtorp 986
6. Lilla Tjärby 882
7. Vallberga 647
8. Genevad 597
9. Skummeslövsstrand 454
10. Skottorp 451
11. Ränneslöv 425
12. Hishult 356
13. Ysby 246
14. Hasslöv 242

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält tre bjälkvis över varandra ställda laxar av silver med röd beväring, därest sådan skall komma till användning».