Lailat al qadr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lailat al-qadr (لیلة القدر) eller sjab-e-qadr, 'makt-natta' eller 'skjebnenatta', er ei muslimsk høgtid som finn stadd mot slutten av ramadan. Ho markerer openberringa av dei første koranversa til profeten Muhammed, og er rekna som særs heilag.

Det er uklart nøyaktig kva tid høgtida fell på. Ein reknar med at det er ei av dei ti siste dagane i ramadan, truleg på ein dato med odde tal, der mange reknar 27. som den mest trulege. På grunn av dette kan ein velja å feira alle ti nettene som om dei skulle vera lailat al-qadr, med samling i moskear, lesing av Koranen og bøner. Å be heile natta i samband med lailat al-qadr er rekna som ein prisverdig, men ikkje nødvendig skikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]