Lainate
Lainate er ein forstad og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen, som har i kring 25 000 ibuarar og omfattar eit areal på 12,9 km², er delt opp i dei tre landsbyområda (frazioni) Barbaiana, Grancia og Pagliera. Lainate ligg ei 15 kilometer nordvest for bysentrum i provinshovudstaden Milano.
Den multinasjonale konfekt-produsenten Perfetti Van Melle, særleg kjend for mintdropset Mentos, har sitt hovudkontor i Lainate.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lainate» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2013.