Lainioälven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lainioälven
elv
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Kjelde Råstojaure
 - høgd 678 moh
Lengd 266 km

Lainioälven eller Lainio älv (tornedalsfinsk Lainionjoki eller Lainionväylä, på svensk òg kalla Urälven) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er ei sideelv til Torne älv, og er 266 km lang.

Elva vert danna ved samløpet av tilløpselvane Harrejåkkå og Råstätno, som begge har utspring frå grenseområda mot Målselv kommune i Troms fylke i Noreg. Elva munnar ut i Torne älv rundt 10 km søraust for Junosuando. Dei største sideelvane er Pulsujoki, Åggojokka og Saankijoki. Tettstader langs Lainioälven er Kangos og Övre Soppero.

Lainioälven vert rekna som ei fiskeelv, og har rike førekomstar av gjedde, åbor, harr, og laks i juli og august.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 68°32′15″N 21°2′29″E