Laiwu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Laiwu (gul) i Shandong

Laiwu (kinesisk: 莱芜市; pinyin: Láiwú Shì) er eit lite byprefektur midt i provinsen Shandong, aust i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 2 246 km² og hadde ca 1,25 millionar ibuarar i 2006.

Laiwu består av dei to bydistrikta Laicheng og Gangcheng.

Ein del av den store Qi-muren står her att i verneverdig stand, og er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]