Lake
- Sjå òg fisken lake
Lake er ei salt- eller sukkerløysing som har vorte brukt til preservasjon og konservering av matvarer.
Saltlake [endre]
Saltlake er vatn som er metta eller nesten metta med salt (NaCl). Han kan nyttast, særleg gjennom historia, til å bevare grønsaker, fisk og kjøt. Saltlake vert òg mykje nytta til å modne halloumi- og fetaost. Sjølv om saltlake kan nyttast til bevaring på same måte som sukker eller eddik er han mykje betre å bruke under transport. Ved å tilsetje salt til vatn minkar dette frysepunktet til vassløysinga og ein kan med mykje større effektivitet transportere varer. Med ein saltkonsentrasjon på 23,3 vert frysepunkt til vatn minka til -21 °C (252,15 K).
Ved 15,5 °C (288,65 K) inneheld metta saltlake 26,4 %, medan han ved 0 °C kan innehalde 26,3% salt.
Når sjøvatn frys til havis, vert saltet i vatnet skild ut og vatnet like omkring isen vert til saltlake. Saltare vatn har høgare tettleik enn mindre salt vatn, så dette kalde, salte vatnet er tungt nok til å søkke heilt til botn av havet og er medverkande til å drive havstraumane i havet. [1]
| Salinitet i vatn basert på kor mange promille salt det inneheld | |||
|---|---|---|---|
| Ferskvatn | Brakkvatn | Saltvatn | Saltlake |
| < 0, | 0,5- 35 | 35 - 50 | > 50 |
Kjelder [endre]
- ↑ Dennis L. Hartmann (1994) Global Physical Climatology, s. 196 – Academic Press, Seattle, Washington, USA.