Lake Bonney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Bonney
innsjø
Taylorbreen ved innsjøen
Land  Antarktis
Tilsig Doran Stream/Priscu Stream, andre
Utløp ingen
Stad Taylor Valley i Victoria Land
 - høgd 57 moh.
 - koordinatar 77°44′S 162°10′E / 77.733°S 162.167°E / -77.733; 162.167
Lengd km
Breidd 0,9 km
Areal 4,3 km²
Volum
Type salt, endorheisk
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lake Bonney
77°43′00″S 162°25′00″E / 77.71667°S 162.41667°E / -77.71667; 162.41667
Lake Bonney is located in Antarktis
Lake Bonney (Antarktis)
Wikimedia Commons: Lake Bonney (Antarctica)
Satellittbilete av området

Lake Bonney er ein salt innsjø med permanent isdekke ved vestenden av Taylor Valley i McMurdo Dry Valleys i Victoria Land i Antarktis.

Han er 7 km lang og opp mot 900 m brei. Ein smal kanal som bere er 50 meter brei (Lake Bonney at Narrows) deler innsjøen i East Lake Bonney (3,32 km2) og West Lake Bonney (0,99 km).

Sør og nord for innsøjen ligg toppar på over 1500 moh, og Taylorbreen er plassert på kartet vest for innsjøen. Han er 40 meter på det djupaste og ligg under eit 3 til 4,5 meter isdekke.

Han vart først vitja av den britiske antarktiskekspedisjonen i 1901-1904 og vart namngjeven av Scott-ekspedisjonen i 1910-1913, etter Thomas George Bonney, ein geologiprofessor ved University College London frå 1877 til 1901.

Lake Bonney er ein av hovudinnsjøane som vert studert av National Science Foundations i McMurdodalen.

Frå 2007 har NASA finansiert ein robot som kan søkkast i vatn, kalla ENDURANCE for å utforska innsjøen og økologien her. Roboten vart bygd av Stone Aerospace. Forskarar har oppdagga eit eldgamalt økosystem under Taylorbreen, ved sidan av Lake Bonney. Dette økosystemet overlever ved å omforme svovel og jern for å vekse.[1]

Arbeidet vert nytta som eit ledd i utviklinga av ein sjølvstyrt undervassrobot som kan utforske havet på Jupitermånen Europa.

Tilsig[endre | endre wikiteksten]

Lake Bonney får vasstilførsel frå fleire bekkar[2]:

  • Bartlette Creek
  • Bohner Stream
  • Doran Stream (tilsig til Priscu Stream)
  • Lawson Creek
  • Lizotte Creek
  • Lyons Creek
  • Mason Creek
  • Priscu Stream (den lengste på 3,8 km)
  • Red River
  • Santa Fe Stream
  • Sharp Creek
  • Vincent Creek

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Blood Falls, ei utstrøyming ved Taylorbreen som inneheld jernoksid som fargar vatnet raudt og som flyt ut på isen på Lake Bonney.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]