Lake Ellsworth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Ellsworth
innsjø
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 79°S 91°W / 79°S 91°W / -79; -91
Lengd 10 km
Areal 30 km²
Type subglasial
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lake Ellsworth
79°S 91°W / 79°S 91°W / -79; -91
Lake Ellsworth is located in Antarktis
Lake Ellsworth (Antarktis)

Lake Ellsworth er ein subglasial innsjø som ligg i Vest-Antarktis under kring 3,4 km med is. Han er kring 10 km lang og er estimert å vere 150 meter djup.[1] Innsjøen er kalla opp etter den amerikanske oppdagaren Lincoln Ellsworth.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Lake Ellsworth vart oppdaga i 1996 av den britiske forskaren Martin Siegert[2] og er ein av 387 kjende subglasiale innsjøar i Antarktis. Han er ein av dei subglasiale innsjøane som vert forska på fordi ein spekulerer at mikrobar kan ha utvikla seg i dei unike habitata i dei subglasiale sjøane i Antarktis etter ein halv million år i isolasjon.[3] [4] Livet i slike innsjøar må tilpasse seg totalt mørkre, låge næringsnivå, høgt vasstrykk og isolasjon frå atmosfæren. Subglasiale sjøar er derfor unike biologiske habitat. Innsjøen er i flytande tilstand under isen fordi trykket frå den mange tusenmeter tjukke isen over fører frysepunktet til vatnet nedover.[4]

Den 2. mars 2009 gav britiske Natural Environment Research Council ei gruppe britiske forskarar løyve til å bore ned til denne innsjøen i desember 2012. Borninga vart overvaka av Scientific Committee on Antarctic Research frå Det internasjonale vitskapsrådet.[5] Det britiske laget brukte 16 år på å utvikle teknologien til å utforske innsjøen ved hjelp av metodar som ikkje vil forureine vatnet kjemisk eller biologisk.[6] Forskarane nytta varmt vatn til å bore eit borehol som er 36 centimeter breitt ned til isen i innsjøen, så vil ein sonde sendast ned for å hente sediment og analysere vatnet for mikroorganismar.[4][7] Dette er ein test for å avgjere om liv kan oppstå i ekstremt trykk, kulde og næringsfattige miljø. Om gruppa ikkje finn liv, vil det syne at det finst ei grense for kvar det finst vatn og ikkje liv.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siegert, Martin J. (2004). «Subglacial Lake Ellsworth: A candidate for in situ exploration in West Antarctica». Geophysical Research Letters 31 (23): L23403. Bibcode:2004GeoRL..3123403S. doi:10.1029/2004GL021477. 
  2. Evidence of Lake Ellsworth (1996)
  3. Siegert, Martin J. og Lake Ellsworth Consortium, «Exploration of Subglacial Lake Ellsworth», Poster, University of Bristol, September 2004
  4. 4,0 4,1 4,2 februar 2014/Antarctic-researchers-seek-life-in-lake-2-miles-under-ice.html Antarctic Researchers Seek Life in Lake 2 Miles Under Ice. av Alex Morales. September 7, 2012
  5. SALE plan for subglasial innsjø exploration
  6. 6,0 6,1 Search for Life i Antarctic's Ice-Covered Lake Takes Off.[daud lenkje] av Trevor Stokes, 7. september 2012
  7. «Final frontier: mission to explore buried ancient Antarctic lake given green light». Natural Environment Research Council (NERC). 2. mars 2009. Arkivert frå originalen 15. oktober 2011. Henta 31. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]