Lake Ohau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Ohau
Lake Ohau - Lake Ohau.
Lake Ohau.
Lake Ohau - Plasseringa til Lake Ohau.
Plasseringa til Lake Ohau.
Stad Waitaki District, Canterbury, Sørøya
Koordinatar 44°15′S 169°51′EKoordinatar: 44°15′S 169°51′E
Tilsig Hopkins River, Dobson River
Utsig Ohau River
Tilsigsområde 1 198 km²[1]
Tilknytte land New Zealand New Zealand
Middeldjupne 74 m[1]
Største djupne 129 m[1]
Vassvolum 4,02 km³[1]
Høgd over havet 520 m[1]

Lake Ohau[2] er ein bresjø i Mackenzie BasinSørøyaNew Zealand. Han får tilførsler frå elvene Hopkins og Dobson, som kjem frå Søralpane, og har utløp til Ohau River, som sjølv er ein del av Waitaki River hydroelektriske prosjekt.

Ohau er den minste av tre tilnærma parallelle innsjøar som ligg i nord-sør-retning langs den nordlege grensa til Mackenzie Basin, dei andre er Lake Pukaki og Lake Tekapo. Han har ei overflate på 60 km².

Skisenteret Ohau ski field ligg ved den sørvestlege breidda til sjøen.

Lake Ohau utgjer ein del av den tradisjonelle grensa mellom regionane Otago og Canterbury. Hopkins River spring ut frå det nordlege punktet i Otago. Geografisk ligg innsjøen i den nordvestlege delen av Waitaki District, sør i Canterbury [3].

Lake Ohau vil liggja ved sykkelvegen Alps 2 Ocean Cycle Trail, som er venta opna i november 2012 etter at vedtaket om bygging vart gjort i 2010[4].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Irwin, J. (September 1978). «Bottom sediments of Lake Tekapo compared with adjacent Lakes Pukaki and Ohau, South Island, New Zealand» (PDF). N.Z. Journal of Marine and Freshwater Research 12 (3): s. 245–250 
  2. Land Information New Zealand. New Zealand Place Names Database. Vitja 29. januar 2012.
  3. Waitaki District Council ward area, Waitaki District Council vevside, henta 29. januar 2012
  4. Ministry of Economic Development (2011). SKY HIGH TO SEA LEVEL. Vitja 29. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lake Ohau