Rotoitisjøen i Tasman

Koordinatar: 41°49′28″S 172°50′17″E / 41.82444°S 172.83806°E / -41.82444; 172.83806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lake Rotoiti i Tasman)
For innsjøen på Nordøya, sjå Lake Rotoiti i Bay of Plenty
Rotoiti
innsjø
Rotoitisjøen mot Mount Robert og Saint Arnaud Range.
Land  New Zealand
Område Tasman
Tilsig Traverselva
Utløp Bullerelva
Høgd over havet 634 moh.
Koordinatar 41°49′28″S 172°50′17″E / 41.82444°S 172.83806°E / -41.82444; 172.83806
Byar Saint Arnaud
Kart
Rotoitisjøen
41°49′28″S 172°50′17″E / 41.8245°S 172.8381°E / -41.8245; 172.8381
Wikimedia Commons: Lake Rotoiti, Tasman

Rotoitisjøen er ein innsjø i regionen TasmanNew Zealand. Sjøen er eit fjellvatn og ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National Park. Han får tilsig frå Traverselva, og vatnet frå sjøen renn ut i Bullerelva. Han er 82 meter djup og omgjeven av skog. Saint Arnaud er ein liten busetnad ved nordenden av sjøen.

Den første europearen som såg sjøen var John Sylvanus Cotterell, den 18, januar 1843. Thomas Brunner og Charles Heaphy kom til sjøen i november 1843. Heaphy kalla han Lake Arthur etter kaptein Arthur Wakefield, men maorinamnetblei halde i hevd.[1]

Det går ruter for fotturar rundt innsjøen, mellom desse Lakehead track på austsida og Lakeside track på vestsida. Ei passasjerferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå Coldwater og Lakehead-hyttene som ligg ved sjøen. Rotoiti er òg ein populær stad å stå på på vasski, og ligg inntil Mount Robert, der det låg eit lite skisenter til det vart fjerna av Department of Conservation i 2005.

Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar.

Panoramautsikt frå den sørlege breidda til Lake Rotoiti og Saint Arnaud Range frå Robert Ridge

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reed, A. W. (2010). Peter Dowling, red. Place Names of New Zealand. Rosedale, North Shore: Raupo. s. 352. ISBN 9780143204107.