Lake Rotoroa i Tasman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre innsjøar med samme namnet, sjå Lake Rotoroa (fleirtydingsside)
Lake Rotoroa
Lake Rotoroa - Lake Rotoroa
Lake Rotoroa
Stad Nelson Lakes National Park,Tasman på New Zealand
Koordinatar 41°52′S 172°38′EKoordinatar: 41°52′S 172°38′E
Tilsig D'Urville, Sabine
Utsig Gowan River
Tilknytte land New Zealand New Zealand
Middeldjupne 145 m
Busetnadar Rotoroa


Lake Rotoroa er ein innsjø som ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National ParkSørøyaNew Zealand. Innsjøen får tilførsle frå elvene D'Urville og Sabine.

Den største djupna er 145 meter, og sjøen er fullstendig omvaksen av bøkeskog. Rotoroa er ein liten busetnad ved sjøen. Elva Gowan River renn ut or sjøen her, slik at sjøen er ei av kjeldene til Buller River-vassdraget.

Ein gangsti følgjer den nordaustlege breidda til sjøen, og ei taxiferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå turstiane ved sjøen[1].

Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar. Det ligg ei hytte for flugefiskarar, Lake Rotoroa Lodge, ved sjøen[2]

Namnet rotoroa er māori for lang sjø.

Referansar[endre | endre wikiteksten]