Lake Vyrnwy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lake Vyrnwy/Llyn Efyrnwy | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Wales |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | reservoar |
| Tilsig | River Vyrnwy & andre småelvar |
| Utsig | River Vyrnwy |
| Tilknytte land | |
| Overflateareal | 4,53 km² |
| Middeldjupne | 44 m |
| Vassvolum | 59 666 millionar liter |
Lake Vyrnwy (walisisk Llyn Efyrnwy) er eit landområde i Powys i Wales, omkring reservoaret Lake Vyrnwy. Det er ein steinbygd dam, bygd i 1880-åra, og den første i verda i sitt slag. Naturreservat og området kring vert styrt av Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) og Severn Trent Water. Reservoaret vart bygd for å gje ferskvatn til Liverpool og Merseyside. Det sette botn av Vyrnwydalen og den vesle landsbyen Llanwddyn under vatn. I dag er området eit populært friluftsområde. Reservatet har status som nasjonalt naturreservat, Site of Special Scientific Interest, Special Protection Area og Special Area of Conservation.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lake Vyrnwy» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2010.