Lake Wairarapa
| Lake Wairarapa | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Nordøya på New Zealand |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | Ruamahanga |
| Utsig | Ruamahanga |
| Tilknytte land | |
| Overflateareal | 78 km² |
| Middeldjupne | 2,5 m |
| Busetnadar | Featherston |
Lake Wairarapa er ein innsjø i den sørlege delen av Nordøya på New Zealand, 50 km aust for Wellington. Innsjøen har ei overflate på 78 km², og er den tredje største innsjøen på Nordøya, berre litt mindre enn Lake Rotorua. Den næraste byen til innsjøen er Featherston, som ligg fem kilometer frå den nordlege enden.
Nedslagsområdet til innsjøen er stort, og omfattar dei austlege liene til Rimutaka og Tararua Ranges. Sjøen tek mot mange elver, og var opphavleg hovudutløpet til Ruamahanga. Denne elva rann i sin tur sakte ut i Palliser Bay og Cooksundet ti km mot sør, gjennom det som no er Lake Onoke. Elveløpet vart lagt om i 1960-åra for å ta mot flaum og såleis redusera overfløyming av jordbruksland. Derfor har innsjøen i dag ei mykje mindre overflate enn den opphavlege som var om kring 210km²[1].
Landskapet kring innsjøen er lågtliggjande og sumpet, og ein har den seinare tida lagt ned arbeid for å ta vare på dette viktige våtlandskapet, og få attende habitat for ville dyr som har vorte øydelagde gjennom menneskeleg påverknad og bruk av området. Landbruk, regulering av elva, flaumkontroll og flytting av elveløp, har ført til drenering av store delar av våtmarkene, og redusert den økologiske verdien dei har hatt[2].
Innsjøen har lenge vore bruka av māoriar som ei kjelde til lett tilgjengeleg mat, og mange artar av sjøfugl og fisk som er uvanlege andre stader på New Zealand, kan finnast i og kring innsjøen.
Referansar [endre]
- ↑ Flack, J: Wairarapa Times Age, Feb 2000
- ↑ NZ Department of Conservation
Bakgrunnsstoff [endre]
- Lake Wairarapa wetlands
- Miljødepartementet (NZ Department of Conservation) sine informasjonssider om Lake Wairarapa våtmarksområde
- Oversiktskart over Lake Wairarapa frå Google Maps
- Denne artikkelen bygger på «Lake Wairarapa» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.