Laksand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laksand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Laksand; vaksen ♂
Laksand; vaksen ♂

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Mergus
Art: M. merganser
Vitskapleg namn
Mergus merganser

Laksand er ein fugl i andefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Hannen har mørkgrønt hovud, svart rygg og nesten kviten vengar. Dei nedre kroppsdelane er kvite med roseraud tone. Hoa har raudbrunt hovud, er askegrå på oversida og kvit på undersida. Nakkefjørene på hovudet er meir eller mindre forlengde i ein nakketufs. Hoa har mykje lengre fjør i nakken enn hannen. Fuglen er 60-70 cm lang og vengespennet 78-94 cm. Vekta er 1200-2000 gram. Nebben er lang og rund og har lamellar i form av sagtenner, som i det minste på overnebben er retta bakover. Nebben utgjer eit gripeorgan som er godt egna til å ta småfisk og halde dei fast. Overnebben er nedbøygd lengst framme og går ned framom undernebben som ein hake.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Laksanda er utbreidd på den nordlege halvkula, om sommaren mest mellom femti og sytti grader nord. Arten hekkar i det nordlege Europa frå Island og Storbritannia i vest, gjennom Skandinavia, Baltikum, det sentrale Asia austover til Japan. Laksanda hekkar også i dei nordlege delane av Nord-Amerika. Det finst også hekkande laksender lengre sør i meir flekkvis utbreiing, som i Frankrike og i området kring Albania, Makedonia og Hellas, samt i Sentralasia.

Laksanda vert delt i tre underarter.

  • Mergus merganser merganser, nominatforma som hekkar i Europa.
  • Mergus merganser orientalis, den austlege underarten som hekkar i Sentralasia.
  • Mergus merganser americanus, hekkar i Nord-Amerika.

Størsteparten av verdspopulasjonen av arten er trekkfuglar, men det finst område der arten kan sjåast året rundt.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Laksanda førekjem meir eller mindre vanleg i alle delar av landet, men hekkar fåtalig eller sjeldan på Vestlandet. I Sør-Noreg er arten i stor grad ein innlandsfugl som er vanlegast austafjells og hekkar ved dei fleste større vatn og elvar frå Telemark, gjennom Oppland og Hedmark til Trøndelag. I Nord-Noreg hekkar arten på same slags stader som lengre sør, men her hekkar laksanda fåtalig til ytst på kysten. Den norske hekkebestanden har vore taksert til 2000 par.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Laksanda hekkar frå låglandet til opp i vierregionen og trivst der det er klart vatn med mykje fisk. Ho plasserer reiret i hol i tre og i andeholkar, men der slikt ikkje finst, hekkar ho på marka, i bergsprekker, under steinar og hus eller i holrom på marka. Dei 7-8 gulaktige egga legg hoa i første halvdelen av mai i Sør-Noreg og i siste halvdelen av mai og i juni i Finnmark. Det førekjem at laksendene parasitterer i reira til kvarandre. Ut på sommaren kan heile laksandfamiliar sjåast der dei i plogform sym med hovudet under vatn langs strandkantar og i elvar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fisk av ulikt slag, som lodde og sil.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Laksendene flyg sørover i september-oktober til det vestlege og sentrale Europa, men kring 3000 fuglar brukar årleg å halde seg langs kysten og i opne vassdrag vinterstid i Noreg. På våren flyg dei nordover att, og til Aust-Finnmark kjem dei i byrjinga av mai. Eit omfattande myte- og næringstrekk av hannar går til kysten av Nord-Troms, Finnmark og Kolahalvøya. Fuglar lengre sørfrå kjem til Finnmark, og i munningane av dei store elvane, spesielt i Tana, samlar det seg store flokkar utover sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.