Lakselus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lakselus
Lakselus
Lakselus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Maxillopoda
Orden: Siphonostomatoida
Familie: Caligidae
Slekt: Lepeophtheirus
Art: Lakselus L. salmonis
Vitskapleg namn
Lepeophtheirus salmonis

Lakselus er ein art i gruppa hoppekreps. Ho lever som parasittlaks. Ho lever av slimet, huda og blodet til fisken.[1]

Hovudbryststykket er breitt og skjoldforma, og brukast som sugekopp. Bakkroppen er smalare, og hos hoene fylt med egg. Hoenes bakkropp har òg to lange eggsekker. Lakselusa nyttar føtene til å flytte seg rundt på verten eller symje.[2]

Livssyklusen består av ti trinn, med hudskifte imellom. I det frittsvømmande nauplius-stadiet har ho ei lengde på 0,54 til 0,85 mm.[3] I copepodit-stadiet er ho ca. 0,7 mm lang og angrip fisken. I chalimus-stadiet er ho 1,2 til 2,8 mm lang.

Lakselusa sug næring hjå fisken og veks til 5 mm lengde for hannane og 10 mm for hoene. Kvar generasjon tek ca. 6 veker ved ein temperatur på 10–12 °C

Det har vorte forska på arten i samanheng med problema den skapar i akvakulturen, men me veit lite om livet til lakselusa i naturen. Det har vorte synt at lakselus-infeksjonar i oppdrettsanlegg kan skape epizootiar hos ville fisk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]