Lakselv lufthamn, Banak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lakselv lufthamn, Banak

Lakselv Airport Banak.jpg
Lakselv lufthamn, Banak

IATA: LKLICAO: ENNA
Oversyn
Flyplasstype Sivil/militær
Eigar Avinor
Operatør Avinor
Stad Lakselv
Høgd  7,6 moh


Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
17/35 9147/8845 2788/2696 Asfalt
Statistikk (2011)
Passasjerar 66811
Flyrørsler 3564
Frakt (tonn) 363

Lakselv lufthamn, Banak (IATA: LKL, ICAO: ENNA) er ei sivil lufthamn som er eigd og driven av Avinor. Ho ligg i Porsanger kommune i Finnmark fylke, med køyretid på 5 min. frå Lakselv sentrum, og 74 kilometer frå Karasjok.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lufthamna vart i fyrsten etablert som feltflyplass for Hærens flygevesen i 1938, med ei lita russtripe, den gongen på tvers i høve dagens rullebane. Den gamle stripa er enno synleg som eit område med lite vegetasjon og hadde omtrentleg baneretning 11/29.

Under andre verdskrig vart flyplassen kraftig bygd ut av tyske styresmakter, med blant anna hangarar, verkstad og sjukehus i tillegg til stillingar for forsvar. Bygningar og installasjonar vart øydelagt av okkupantane da dei trekte seg tilbake i 1944.

Etter krigen tok Luftforsvaret over, men plankedekket på rullebanen vart kannibalisert grunna materialmangel under atterreisinga. Frå 1951 var rullebanen ubrukeleg og aktiviteten fekk eit opphald.

I 1963 vart lufthamna opna att med ny rullebane, som i ettertid har vorten utvida og oppgradert fleire gonger for å tilfredsstille militære og sivile behov. Ein del av dette vart finansiert av NATO, gjennom det såkalla infrastrukturprogrammet. Nyopninga var også starten på sivil rutetrafikk til Lakselv, som vart innlemma i rutenettet samtidig med Alta lufthamn og Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen.

Destinasjonar og ruter[endre | endre wikiteksten]

Lufthamna er i dag sivilt betent av Widerøe med daglege avgangar til Tromsø og Kirkenes, mens luftforsvaret er representert med Stasjonsgruppe Banak. Om sommaren er lufthamna brukt til charterflygingar, og sommaren 2006 starta SAS sesongrute til Oslo lufthamn, Gardermoen.

Trafikk[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart lufthamna brukt av knapt 53 000 passasjerar, fordelt på drygt 3 500 flyrørsler, inkludert transit og internasjonale flygingar. Sjølv om lufthamna har låge passasjertal, er ho likevel definert som mellomstor lufthamn av Avinor.

Lokaliseringa, det militære nærværet og ein av landets lengste rullebaner gjer at lufthamna tidvis får eksotisk besøk. Så seint som 22. mars 2006 var eit av dei største serieproduserte flya i verda, eit Antonov An-124, innom.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]