Lamía
| Lamía Lokalt namn: Λαμία |
|
|---|---|
Utsyn over Lamía |
|
| Geografi | |
| Stad | Sentral-Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 942,9 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Fthiótida |
| Hovudsete | Lamía (52 006 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 75 315 (2011) |
| Folketettleik | 79,5 /km² |
Lamía (gresk Λαμία) er ein by i periferieininga Fthiotida i Sentral-Hellas i Hellas. Han er hovudstad i både periferien Sentral-Hellas og periferieininga.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Området har vore busett sidan år 4000 fvt., men vart først nemnd etter eit jordskjelv i 424 fvt. då han var ein viktig spartansk militærleir. Han vart okkupert av Aleksander den store. Atenarne gjorde opprør etter hans død og etterfølgjaren hans Antipatros tok tilflukt i dei omfattande bymurane rundt byen (den lamiske krigen 323–322 fvt.). Krigen enda då generalen til dei athenske troppane, Leosthenes, døydde og 20 000 soldatar frå den makedonske hæren kom til området. Lamía blømde på 200-talet fvt. under eit aetolisk hegemoni, som enda då Manius Acilius Glabrio plyndra byen i 190 fvt.. Lamía vart ein del av Hellas i 1829, og vart då ein grenseby mot Det osmanske riket.
Administrativ inndeling [endre]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Lamía
- Gorgopótamos
- Lianokládi
- Pávliani
- Ypáti
Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lamia frå Engelsk Wikipedia .