Lambertbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lambertbreen
isstraum
Eit isfall strøymer ut i Lambertbreen i Antarktis
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 71°0′S 70°0′E / 71.000°S 70.000°E / -71.000; 70.000
Lengd 400 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lambertbreen
71°S 70°E / 71°S 70°E / -71; 70
Lambertbreen is located in Antarktis
Lambertbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Lambert Glacier

Lambertbreen er ein stor isbre i Aust-Antarktis. Han er kring 100 km brei og over 400 km lang, og kring 2500 meter djup, og står oppført i Guinness rekordbok som den største isbreen i verda. Han drenerer 8% av innlandsisen i Antarktis aust og sør for Prince Charles Mountains og flyt nordover til Ameryisen.[1]

Denne breen vart skissert og namngjeve i 1952 av den amerikanske geografen John H. Roscoe som gjorde ein detaljert studie av området frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump i 1946-47. Han gav namnet «Baker Threebreen», og nytta kodenamnet som flyfotograferingsflyet og mannskapet nytta om denne kysten i mars 1947, då breen vart oppdaga. Isbreen vart skildra i Atlasregister nr. 14 om antarktiske namn (U.S. Board on Geographic Names i 1956), men vart ikkje nedteikna på publiserte kart. På grunn av dette vart namnet Lambertbreen, gjeve av ANCA i 1957 etter kartlegginga av området av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956, i staden nytta om denne breen. Han er kalla opp etter Bruce P. Lambert, direktør i National Mapping i det nasjonale departementet for nasjonal utvikling. Han flyt delvis over Lambertgraben og munnar ut i Prydzbukta.

Fjernmåling[endre | endre wikiteksten]

Isbreen er viktig i studiet av klimaendringar fordi særs små endringar i klima kan få store konsekvensar for isstraumen ned denne breen.[2] Dei fleste studiane av Lambertbreen vert gjort med fjernmåling på grunn av dei vanskelege vêrtilhøva i området.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tulloch, Coral (2003). Antarctica: Heart of the World. Sydney: ABC Books. s. 11. ISBN 0-7333-0912-7. 
  2. Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 127. ISBN 1-86276-010-1. 
  3. «Antarktisbreen mai Yield Clues To Global Climate Change». ScienceDaily. 26. juni 2002. Henta 29. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lambert Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).