Laminitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Laminitt er ein sjukdomstilstand hos hest og storfe. Ein kan også seie at hesten eller storfeet er forfangen. Laminitt hos hest angrip hoven sitt lamellsjikt, som ligg mellom hovbeinet og hovveggen. Årsakene til laminitt er ikkje ekspertane heilt samde om. Hovudteoriane går på at det enten har med stoffskifte eller blodomlaup å gjere. Fedme og feilforing kan gjere dyret meir utsett, og annan akutt sjukdom kan også utløyse laminitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]