Lammas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lammas (gammalengelsk hlāfmæsse, 'brødmesse') er namnet på ei gammal engelsk hausthøgtid knytt til byrjinga av kornhaustinga. I nyare tid er ho henta inn som ei nyheidensk høgtid.

Lammas er nemnd fleire gonger i Den angelsaksiske krønika som 'høgtida for dei første fruktene'. Medan førstedelen av namnet opphavleg tyder 'brød', er han òg tradisjonelt blitt tolka som 'lam'.

Samfunnstyding[endre | endre wikiteksten]

I landbrukssamanheng stod lammas for slutten av slåttonna, då ein kunne senda husdyr på fellesbeite på dei slåtte åkrane og engene, og byrjinga av skuronna.

Even or odd, of all days in the year,
Come Lammas-eve at night shall she be fourteen.

Barnepika om Julie i Romeo og Julie, skrive av Shakespeare på 1590-talet.

I Skottland og delar av England var lammas var ein av fire kvartalsdagar (quarter days) då ein betalte leige og hyrte tenestefolk. Mange stader i England måtte også leiglendingar gje nyhausta kveite til landeigaren ved byrjinga av august. Det blei gjerne halde marknad og val av lokale offisielle stillinga på denne dagen.

Nokre stader er det bevart område knytt til lammas, som Lugg Meadows i Herefordshire og Leyton Marshes i London. I Nord-Irland blir det framleis halde ein lammasmarknad, Ould Lammas Fair, i Ballycastle i County Antrim.

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Lammas kan knytast til den keltiske haustfesten lughnasa.

Dagen var lenge ei kristen høgtid då det var vanleg å ta med seg eit brød bakt med den første innhausta kveiten til kyrkja. I mellomalderen blei dagen lagt fast til 1. august, frå 1752 til 13. august. Frå 1800-talet blei høgtida etter kvart erstatta av hausttakkefest.

Dagen er blitt teken i bruk som ei nyheidensk høgtid som ligg mellom sommarsolkverv (feira som litha) og haustjamdøgn (mabon). Den tilsvarande høgtida i motsett del av året er imbolc. Lammas blir feira seint i juli eller tidleg i august på den nordlege halvkula, og i byrjinga av februar på den sørlege. Høgtida finn stad når sola er nær midten i stjernebiletet Løva (tropisk astrologi).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Darvill, Timothy (2008), «Lammas», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press 
  • John Bowker, ed. (2000), «Lammas Day», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press 
  • Elizabeth Knowles, ed. (2006), «Lammas», A Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press 
  • Wikipedia på engelsk oppgav:
    • The Stations of the Sun, Ronald Hutton, Oxford 1996