Lancastersundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser Lancastersundet

Lancastersundet (engelsk Lancaster Sound) er eit sund som ligg i mellom Devonøya og Baffinøya i Nunavut i Canada. Sundet utgjer den austlegaste delen av Nordvestpassasjen. Aust for sundet ligg Baffinbukta, mot vest ligg Melvillesundet. Lenger mot vest strekker McCluresundet seg, før ein kjemr ut i Nordishavet.

Sundet er vanlegvis islagt ni månader i året. I Lancastersundet er det eit variert dyreliv store mengder istorsk, som er føde til dyr som isbjørn, sel, kvalross og fleire fugleartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]