Lancelot Hogben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lancelot Thomas Hogben (fødd 9. desember 1895 i Portsmouth, død 22. august 1975) var ein britisk zoolog og statistikar, kjent for synet sitt på arvelæra. I Noreg er han mest kjend for dei populære bokframstillingane av matematikk og vitskap.[1]

Han oppnådde ei grad i fysiologi ved Trinity College i Cambridge i 1915 der han òg frekventerte Fabian Society. Han gjekk frå metodisme til humanisme og virkte som pasifist under den første verdskrigen, og dessutan jobba han for Raude Krossen i Frankrike. Såfølgde opphald ved Birkbeck i University of London i 1917, Imperial College London 1918-1922, Edinburgh University 1922-1925 og McGill University 1925-1927, før han vart professor i zoologi ved universitetet i Cape Town, der studia hans av ein froskemodell (Xenopus laevis) vekte ry. Hogben leia social biology ved London School of Economics 1930-1937 og skulda eugenikk-rørsla. Deretter var han professor i naturhistorie ved University of Aberdeen frå 1937. Den 9. april 1940 skulle han halde foredrag ved Norsk Forening for Arvelighetsforskning eit foredrag om «Methods of human genetics». Under den andre verdskrigen jobba Hogben som statistikar for hæren.

I tida 1941-1961 var han professor ved University of Birmingham der han i 1943 laga språket Interglossa, og utvikla andre interesser. I 1952 kunne norske aviser melde at han ville lære Marsbuarar å spele sjakk, fordi «inter-planetariske sjakk-turneringar ville kunne virke som avleiing for dei krigerske tendensane i menneskenaturen her på jorda».[2] Den siste stillinga hans var viserektor ved universitetet i Guyana 1963-1964.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • A Short Life of Alfred Russell Wallace (1918)
  • Exiles of the Snow, and Other Poems (1918). Poesi
  • An Introduction to Recent Advances in Comparative Physiology (1924) med Frank R. Winton
  • The Pigmentary Effector System. A review of the physiology of colour response (1924)
  • Comparative Physiology (1926)
  • Comparative Physiology of Internal Secretion (1927)
  • The Nature of Living Matter (1930)
  • Genetic Principles in Medical and Social Science (1931)
  • A journey to Nineveh, and other verses (1932). Poesi
  • Mathematics for the Million (1936)
  • The Retreat from Reason (1936) Conway Memorial Lecture 20 May 1936
  • Science for the Citizen: A Self-Educator Based on the Social Background of Scientific Discovery (1938)
  • Political Arithmetic: A Symposium of Population Studies (1938) editor
  • Dangerous Thoughts (1939)
  • Author in Transit (1940)
  • Principles of Animal Biology (1940)
  • Interglossa: A Draft of an Auxiliary for a Democratic world order, Being an Attempt to Apply Semantic Principles to Language Design (1943)
  • The Loom of Language by Frederick Bodmer (1944) editor
  • An Introduction to Mathematical Genetics (1946)
  • History of the Homeland The Story of the British Background: by Henry Hamilton (1947) editor
  • The New Authoritarianism (1949) Conway Memorial Lecture 1949
  • From Cave Painting To Comic Strip: A Kaleidoscope of Human Communication (1949)
  • Chance and Choice by Cardpack and Chessboard (1950)
  • Man Must Measure: The Wonderful World of Mathematics (1955)
  • Statistical theory. The relationship of probability, credibility and error. An examination of the contemporary crisis in statistical theory from a behaviorist viewpoint (1957)
  • The Wonderful World Of Energy (1957)
  • The Signs of Civilisation (1959)
  • The Wonderful World Of Communication (1959)
  • Mathematics In The Making (1961)
  • Essential World English (1963) med datteren Jane Hogben og Maureen Cartwright
  • Science in Authority: Essays (1963)
  • The Mother Tongue (1965)
  • Wales for the Welsh — A Tale of War and Peace with Notes for those who Teach or Preach (1967)
  • Beginnings and Blunders or Before Science Began (1970)
  • The Vocabulary Of Science (1970) med Maureen Cartwright
  • Astronomer Priest and Ancient Mariner (1972)
  • Maps, Mirrors and Mechanics (1973)
  • Columbus, the Cannon Ball and the Common Pump (1974)
  • How The World Was Explored, editor, med Marie Neurath og J. A. Lauwerys

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • Lancelot Hogben (1937) Matematikk for millionerGyldendal [Omsetjing frå engelsk (Mathematics for the millions) ved Edgar B. Schieldrop].
  • Lancelot Hogben (1939) Vitenskap for hvermannGyldendal [Omsetjing frå engelsk (Science for the citizen) ved Edgar B. Schieldrop].
  • Lancelot Hogben (1956) Tallenes trylleri. Matematikkens merkelige verdenTiden [Omsetjing frå engelsk ved Karsten Heli (Man must measure). 69 sider].
  • Lancelot Hogben (1962) Mennesket og matematikkenTiden [Omsetjing frå engelsk (Mathematics in the making, 1961) ved O. Olaussen].
  • Lancelot Hogben (1969) Energiens verdenTiden [Norsk utgåve ved Karsten Heli, omsett av Stein Øgrim (The wonderful world of energy, 1957)). 96 sider].
  • Lancelot Hogben (1971) Mennesket utvider sansene. Fra tam-tam-trommer til telesatelitterTiden [Norsk utgåve ved Karsten Heli. 96 sider].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lancelot Hogben, FRS (1895-1975). Galton Institute.
  2. Mars-beboere skal lære å spille sjakk, VG, 8.4.1952