Lanciano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Collage med motiv frå Lanciano

Lanciano er ein by og ein kommune i provinsen Provinsen Chieti i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har i kring 36 000 ibuarar og har eit areal på 66,1 km².

Byen, som ligg 265 meter over havet, vart i fylgje tradisjonen grunnlagd for over 3 000 år sidan. Lanciano er særleg kjend som staden der kristne for fyrste gong, på 700-talet, registrerte Det eukaristiske mirakel, det vil seie at brød og vin under nattverden vart påstått forvandla til kjøt og blod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Lanciano» frå dk, den 5. februar 2014.