Land's End

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Land's End

Land's End (kornisk Penn an Wlas) er eit nesPenwithhalvøya nær Penzance i Cornwall i England. Det et det vestlegaste punktet på det engelske fastlandet. Det vestlegaste punktet på heile øya Storbritannia er Corrachadh Mòr i Ardnamurchan i Skottland som ligg 35 lenger vest. Det sørlegaste punktet i Storbritannia er heller ikkje Land's End, men Lizard Point, som ligg nokre kilometer lenger søraust.

Frå Land's End kan ein sjå Longships fyr. Longships, eit par kilometer ute i havet, er ei serpentin- og kvartsøy. Midt mellom Land's End og Isles of Scilly ligg det segnomsuste tapte landet Lyonesse, som vert omtalt i litteratur om Kong Arthur.

Land's End er eit kjend landemerke i Storbritannia og vert i lag med John o' Goats i Skottland (det mest nordaustlege punktet på det britiske fastlandet) ofte omtalt i kappløp, turar og veldedige hendingar. Uttrykket Land's End to John o' Groats (Frå Land's End til John o' Goats) vert nytta både som ei bokstavleg reise og som ein metafor for lange reiser, på liknande måte som «frå Lindesnes til Nordkapp» i Noreg.

I 1987 kjøpte Peter de Savary Land’s End.[1]. Han reiste to nye bygningar og det meste av den noverande temaparken. Han selde både Land's End og John o' Groats til føretaksmannen Graham Ferguson Lacey i 1991.[2] Sidan 1996 er Land’s End eigd av Heritage Attractions Limited.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Eit kart over neset frå 1946

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°4′7″N 5°42′58″W