Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuplar ved Heidelberg-Königstuhl.

Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl, eller Heidelberg-Königstuhl statlege observatorium, er eit historisk astronomisk observatorium som ligg nær topppen av Königstuhl, ein ås i byen Heidelberg i Tyskland. Føregjengaren til det noverande observatoriet vart opna ikkje så langt unna i 1774 i Mannheim, men tilhøva for observasjonar forverra seg der, og observatoriet vart difor flytta til Königstuhl i 1898.

Observatoriet er ein del av Senteret for astronomi ved Universitetet i Heidelberg. Max Planck-instituttet for astronomi opna attmed i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Instrumenta i observatoriet skriv seg frå observatoriet i Mannheim, grunnlagt i 1774. I 1880 vart observatoriet mellombels flytta til Karlsruhe fordi dei atmosfæriske tilhøva vart blitt vanskelege. Deretter vart tre andre alternativ for plassering vurdert, før ein bestemte seg for Heidelberg og Königstuhl.

Den 20. juni 1898 vart «Großherzogliche Bergsternwarte», «det storhertuglege fjellobservatoriet», høgtideleg opna av Storhertug Frederik I av Baden. Den astronomiske institusjonen bestod av to avdelingar, astrofysisk leia av Max Wolf, og astrometrisk leia av Karl Wilhelm Valentiner. Valentiner var direktør for observatoriet i Mannheim, og var den som stod bak flyttinga til Karslruhe. Etter at Valentiner gjekk av med pensjon i 1909 vart Max Wolf leiar for begge avdelingane. Max Wolf klarte å skaffe private gjevarar, slik at her kunne kjøpast inn nye kraftige teleskop.

Hovudområdet for aktiviteten ved observatoriet var å undersøke nebula og å leite etter asterioidar. Wolf, staben hans og dei som kom etter oppdaga meir enn 800 asteroidar, mellom anna den første trojanske asteroiden Achilles i 1906.

Observatoriet vart finanisert av tyske statlege midlar fram til det i 2005 vart slått saman med institutt for teoretisks astrofysikk og institutt for astronomiske kalkulasjonar ved Universitetet i Heidelberg, til eit nytt Senter for astronomi ved dette universitetet.

Mellom 1912 og 1957 oppdaga Karl Wilhelm Reinmuth nesten 400 asterioidar frå Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]