Landfall Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°0′S 102°1′W
Landfall Peak
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Ellsworth Land
 - koordinatar 72°0′S 102°1′W
Administrert under Antarktistraktaten
Landfall Peak is located in Antarktis
Landfall Peak (Antarktis)

Landfall Peak er eit markant fjell nær vestenden av Thurston Island, kring 8 nautiske mil (15 km) aust-nordaust for Cape Flying Fish. Det vart oppdaga av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) på flyturar frå skipet Bear i februar 1940 og fotografert på den tida av E.B. Perce. Fjellet vart kartlagd frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump i desember 1946, og vart observert av mannskapet på U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition i februar 1960. Det fekk dette namnet av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) fordi steinutspringa på toppen var eit landemerke for skip som nærma seg Thurston Island frå vest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Landfall Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).