Landnåmabok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Landnámabók)
Side i Landnåmabok

Landnåmabok (Landnámabók) er ei forteljing som vart skriven på slutten av 1100-talet om busetjinga av Island, med eit oversyn over alle landnåmsfolka og slektene deira, omkring 3 000 personnamn og 1 400 stadnamn. Av landnåmsfolka var 13 kvinner og 412 menn. Ei av landnåmskvinnene var Åsgerd Asksdotter, som hadde drepe ein av mennene til kongen i Noreg og drog med borna sine og halvbroren sin til Island og busette seg der.[1]

Landnåmaboka fortel om korleis Island vart busett frå omkring 870. Det byrjar med Ingolf Arnarsson som buset seg i Reykjavík og krava hans om land i nord, vest, aust og sør. Boka inneheld ei rekkje ættelister som fører spora tilbake til Noreg, men òg mindre forteljingar om livet på Island i den første tida. Enno i dag er boka ei uvurderleg kjelde til både historie og genealogi for islendingar. Boka fortel at av dei 425 landnåmsfolka kom rundt 130 direkte frå Noreg. Av desse kom rundt 40 frå Frostatingslov-området, om lag 85 frå Gulatingslov-området, og rundt 10 frå Austlandet. Frå området ved Irskesjøen kom 50–60, og resten hadde ukjent heimland. Dei fleste av dei med ukjent opphav hadde skandinaviske namn eller høyrde til ei skandinavisk ætt. DNA-analysar stadfestar at dei fleste islandske mennene stammar frå Noreg, medan fleirtalet av kvinnene kom frå Irskesjø-området, og kan ha vore slavar.[2]

Forskarane meiner Kolskeggr hinn vetri (eller fróði) var ein som var med å skrive Landnåmaboka, men det blir òg spekulert i om Are Torgilsson Frode har bidrege. På 1200-talet vart boka utvida av andre forfattarar.

Det er tre overleverte versjonar av Landnåmaboka:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Vidar Sigurdsson: Det norrøne samfunnet (s. 43), forlaget Pax, Oslo 2008, ISBN 978-82-530-3147-7
  2. Jon Vidar Sigurdsson: Det norrøne samfunnet (s. 43)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]