Landsbankinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Landsbanki Íslands (på Island gjerne Landsbankinn), er den eldste og nest største av dei tre store private bankane på Island.

Banken vart grunnlagd i 1885, og fungerte som sentralbank på Island til 1961. Den gongen var utferding av pengar ein viktigare del av oppgåvene til sentralbanken enn pengepolitikk. Islands sentralbank tok over sentalbankrolla etter eit vedtak på Alltinget, og Landsbankinn vart slått saman med Samvinnubankinn (Samvirkebanken). Landsbankinn vart gjort om til eit allment aksjeselskap 1. januar 1998. Seinare vart banken meir og meir privatisert i perioden 1998 til 2003.

Landsbankinn hadde i 2006 52 filialar på Island. I 2001 hadde banken den største delen av dei private innskota på Island, føre Glitnir og Kaupthing Bank. Under |den internasjonalen finanskrisa 2007-2008 fekk banken store gjeldsproblem etter satsinga i den internasjonale finansmarknaden, spesielt gjennom nettbanken Ice-save.

I juli 2009 hadde Landsbankinn eksisterande og selde/nedlagde dotterselskap og filialar i følgjande land:[1]

  • Landsbanki, Oslo - nedlagd
  • Landsbanki, Helsingfors - nedlagd
  • Landsbanki, London
  • Heritable Bank, London - i gjeldsforhandlingar
  • Landsbanki Securities, London - i gjeldsforhandlingar
  • Merrion Capital, Dublin - seld i oktober 2006
  • Kepler Equities, Paris - seld i oktober 2006
  • Landsbanki, Amsterdam
  • Landsbanki, Madrid - nedlagd
  • Landsbanki, Halifax, Canada
  • Landsbanki, Luxembourg - i gjeldsforhandlingar
  • Landsbanki, Hong Kong - nedlagd
  • Landsbanki US, New York – nedlagd

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]