Landskapsarkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arkitektplanen til Union College og landskapet rundt utforma av Joseph Jacques Ramée i 1813.

Landskapsarkitektur er planlegging og formgjeving av landskap til ulike føremål. Ein bruker landskapsarkitektur til å utforma offentlege område som veganlegg, parkar og friluftsområde, og privateigedom som hagar og uterom mellom bygningar. Hovudmål ved landskapsarkitekturen kan vera å gje eit godt livsmiljø og å endra eller oppretthalda dei estetiske eigenskapane til landskapet.

Kompetansen til ein landskapsakitket er samansett av formkunnskap og estetikk, plantekunnskap, material- og konstruksjonskunnskap, økologi og samfunnskunnskapar. Landskapsarkitektar som arbeider med prosjektering gjer det ofte i private kontor og teiknar for hand eller med dataprogram. Landskapsarbeid blir som regel sett ut på anbud for å utførast av entreprenør eller anleggsgartnar. Mange landskapsarkitektar arbeider òg i offentlege etatar med til dømes byggesaker og parkforvalting eller på eit meir overordna nivå med kulturlandskap og kulturminne, tettstadutvikling og skjøtsel av friområde og bynære naturområde.

Utdanning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst landskapsarkitektutdanning på Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås ved Institutt for landskapsplanlegging. Det er den eldste landskapsarkitektutdanninga i Europas. Utdanninga er femårig og ein kan velje mellom 3 spesialiseringar: landskapsforming, landskapsplanlegging og landskapsforvalting.

I 2006 vart i tillegg dei første landskapsarkitektane ferdige frå Bergen Arkitektskole som gjev ei spesialisering under arkitektstudiet. I 2005 oppretta Arkitekthøgskolen i Oslo eit 2,5-årig mastergradsstudium i landskapsarkitektur som føreset minst 3 år med forkunnskapar innan faget eller nærskylde fag, som arkitektur eller byplanlegging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Landskapsarkitektur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]