Landslaget for spelemenn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Landslaget for spelemenn (LfS) er eit tidlegare norsk lag som var den største folkemusikk og -dansorganisasjonen i Noreg. Det blei skipa i 1923 og gjekk i 2009 saman med Norsk Folkemusikk- og Danselag og danna FolkOrg. Ved slutten hadde laget over 5000 medlemmer og rundt 150 lokal- og fylkeslag rundt heile landet. Føremålet med Landslaget for Spelemenn var å vere ei drivkraft innan utbygginga av ulike utdanningstilbod innan instrumental og vokal folkemusikk samt -dans, samstundes som dei var ein interesseorganisasjon for amatørbaserte og profesjonelle folkemusikarar. Fleire profilerte folkemusikarar var medlemmer i LfS.

LfS gav ut Spelemannsbladet og arrangerte og deiv mellom anna Landskappleiken, Landsfestivalen, Folkemusikkscena og Folkelarm. I tillegg til desse har lokallag i LfS vire eigarar og tydelege drivkrefter bak arrangement som Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Jørn Hilme-Stemnet, Mokurset, Strunkeveko og Ungfolk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]