Landstads kirkesalmebog
M.B. Landstads Kirkesalmebog, kalla Landstads salmebok, vart 16.10.1869 autorisert for bruk i dei sokn som gjorde vedtak om det. Boka hadde 634 nummer, alle på dansk-norsk.
Innhaldsliste |
Utkastet [endre]
Magnus Brostrup Landstad hadde alt i 1861 på "offentlig foranstaltning" gjeve ut eit utkast. Boka var etla for kyrkjeleg bruk: Nr 1-101 er til gudstenesta, nr 102 -584 til kyrkjeåret, 585-640 til ymse kyrkjelege handlingar. Salmeboka tok opp salmar av Luther, Kingo, Brorson, Grundtvig m.fl. Dei gamle salmane vart redigerte og ofte nedkorta. I denne redaksjonen la han meir vekt på omsynet til diktverket enn til teologisk dogmatikk. I dei gamle tyske salmane reinska han ut mange danske ord, og sette istaden inn ord frå norske målføre. Dette fekk til dels kraftig kritikk for det som vart oppfatta som radikale språkformer. Landstad retta seg litt etter kritikken, men store endringar gjorde han ikkje. Utkastet vart sidan lagt fram for ei salmeboknemnd leia av biskop Andreas Grimelund. I denne prosessen vart om lag 30 nyare salmar tekne ut, medan 20 eldre salmar vart tekne inn.
Kyrkjesalmeboka [endre]
Salmeboka var redigert slik:
- Nr 1-33: Alminnelege salmar for gudstenesta
- Nr 34-94: Salmar for dåp, konfirmasjon, skriftemål, nattverd og gudstensteavslutning
- Nr 95-577: Salmar for kvar heilagdag i kyrkjeåret
- Nr 578-63: Særlege salmar for kyrkjelege handlingar, husandakt mv
Med tanke på opphav fordeler salmane seg slik:
- 34 salmar frå oldkyrkja og mellomalderen
- 216 tyske salmar
- 3 engelske salmar
- 1 tsjekkiske salmar
- 11 svenske salmar
- 283 danske salmar
- 86 dansk-norske salmar (dvs salmar skrivne på dansk av nordmenn)
Boka vart bruka parallelt med dei gamle salmebøkene og Hauges Salmebok, som vart autorisert i 1873.
Salmane i Landstads salmebok er omtalte i J.N. Skaars Norsk Salmehistorie I og II, 1979-80.
4.3.1892 vart Elias Blix' Nokre Salmar autorisert til bruk ved den offentlege gudstenesta, og desse landsmålssalmane vart trykte bak i Landstads salmebok som nr 635 - 791.
Utpå 1900-talet meinte folk at salmeboka var mogen for revisjon, og i 1926 kom salmeboka som fekk namnet Landstads reviderte salmebok. Men enno i mange år valde mange kyrkjelyder å halde på den den originale salmeboka.
Sjå òg: [endre]
Kjelder: [endre]
- P.E. Rynning (1954): Salmediktingi i Noreg Det norske Samlaget
|
|
|
|---|---|
| Kingos salmebok (Kingo; 1699) | Guldbergs Salmebog (Guldberg; 1778) | Evangelisk-christelig Psalmebog (1798) | Christianiatillægget (1853) | Landstads kirkesalmebog (Landstad; 1869) | Hauges salmebok (Hauge; 1873) | Nokre Salmar (Blix; 1892) | Landstads reviderte (Jensen; 1924) | Nynorsk salmebok (Støylen, Hognestad og Hovden; 1925) | Salmer 1973 (1973) | Norsk Salmebok (1985) | Salmer 1997 (1997) |