Langedrag Naturpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Langedrag)

60°26′51.3″N 8°52′51.8″E / 60.447583°N 8.881056°E / 60.447583; 8.881056

Langedrag Naturpark

Langedrag Naturpark er ein naturpark og fjellgard i Tunhovd i Nore og Uvdal kommune mellom Hallingdal og Numedal. Parken har no 350 ulike dyr av tjuefem ulike artar. Han er mest kjend for ulvane sine, og frå TV-serien Vi på Langedrag.

Langedrag Naturpark er grunnlagt av Edvin Kjell Thorson i 1960, og er open heile året for besøk. Det er ein svært populær gard og har fleire norske husdyr og ville dyr i reservat. Mellom anna er ulv, gaupe, polarrev og moskus noko av det ein får sjå om ein tek turen opp dit. Det har også vorte laga TV-serie om garden, Vi på Langedrag, som vart send på NRK i 2001 og 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Langedrag Naturpark