Langeled

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Langeled er ei røyrlina for naturgass, som går frå Nyhamna i Aukra kommune til Easington i England. Slik vert Storbritannia forsynt med gass frå Trollfeltet og Ormen Lange-feltet (frå 2007). Bygginga av røyrlina var ein del av Ormen Lange-prosjektet.

Gassrøyret endar i Easington i England, der britiske Centrica er teknisk operatør. Langeled er verdas lengste gassrøyrlina til havs, 1200 km lang. Den første gassen frå Sleipner- og Trollfeltet kom gjennom Langeled 1. oktober 2006. I oktober 2007 blir heile røyrlina tatt i bruk med leveransar fra Ormen Lange via NyhamnaAukra. Den offisielle opninga av Langeled skjedde i London 16. oktober 2006, der statsministrane Tony Blair og Jens Stoltenberg deltok.