Langfang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langfang (gul) i Hebei
Industriområde i Lanfang
Åkerland i Langfang

Langfang (kinesisk: 廊坊; pinyin: Lángfáng) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet har eit areal på 6 429 km² og eit folketal på om lag 4,13 millionar i 2010. Vel 700 000 menneske budde i sjølve byen. Langfang grensar til byprovinsane Beijing i nord og Tianjin i aust.

Byprefekturet Langfang omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), fem fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Byen har ein utvikla maskinindustri, elektronikk-, tekstil- og bygningsindustri. I prefekturet er det stor produksjon av matvarer og medisinar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtogruta Beijing-Shanghai har stoppestad her. Byen er også stoppestad for Jinghubana som strekker seg frå Beijing til Shanghai via Tianjin, Jinan i Shandong, Nanjing og Suzhou, og for Jinghabana som strekker seg frå Beijing til Harbin via Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Kinas riksveg 104 og Kinas riksveg 105 går begge gjennom Langfang. Dei te til i Beijing, går sørover og deler seg etter Dezhou. Riksveg 104 held fram til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar i Fuzhou, medan 105 går til Jining i Shandong, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou, og endar opp i Zhuhai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]