Langfjord kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Langfjord kraftverk er eit anlegg med fjelltunnelar, men der sjølve kraftstasjonen legg i dagen. Anlegget vart først etablert i 1949, med utvidingar i 1953 og 1958, men dagens kraftstasjon er eit nybygg frå 2005. Anlegget nyttar eit fall på 260 meter frå inntaksdammen ved hovudmagasinet Tettingvatn inst i Langfjorden i Brønnøy kommune.

I tillegg til Tettingvatn er òg Storvatn regulert. Tettingvatnet vert automatisk tappa ned til inntaksdammen, mens Storvatn vert tappa manuelt.

Kraftverket har ein installert effekt på 9 MW og ein middels årsproduksjon på 33 GWh. Anlegget er eigd av Helgelandskraft