Langfjorden ved Kirkenes

Koordinatar: 69°39′28″N 29°55′48″E / 69.65778°N 29.93000°E / 69.65778; 29.93000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°39′28″N 29°55′48″E / 69.65778°N 29.93000°E / 69.65778; 29.93000

Langfjorden ved Kirkenes
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Del av Varangerfjorden
Kart
Langfjorden
69°42′40″N 29°57′38″E / 69.711006°N 29.960442°E / 69.711006; 29.960442
Wikimedia Commons: Langfjorden, Sør-Varanger

Langfjorden (nordsamisk Uhcavuonna, kvensk Utsavuono)[1] er ein fjordarm av Bøkfjorden og Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 18 km sørvestover til Langfjordeid i botn av fjorden. Han er stort sett berre 400-750 meter brei.

Fjorden startar på nordsida av Kirkenes og går først sørvestover til eit smalt sund kalla Straumen. Her kryssar E6 fjorden via Strømmen bru. Innfor Straumen svingar fjorden rett sørover og held fram slik det inste 12 km. Eit stykke sørover i denne delen av fjorden ligg Litlestraumen og tettstaden Bjørnevatn på austsida. Vidare sørover er det berre spreidde busetnader ved fjorden før Langfjordeid i botn.

Riksveg 885 går langs den inste delen av fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faktaark ved kartverket.no. Vitja 27. august 2020.