Langfoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Langfossen)
Langfoss
foss
Langfossen er vorte kåra til verdas venaste foss
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Etne
Fossetype Kaskade
Elv Vaulaelva
Totalt fall 612 m
 - Lengste fall 612 m
 - Midla breidd 76 m
Tal på fall 1
Status Verna
Verdsrangering 49. høgaste i verda.
Kart
Langfoss
59°50′40″N 6°20′20″E / 59.844444444444°N 6.3388888888889°E / 59.844444444444; 6.3388888888889
Wikimedia Commons: Langfossen

Langfoss er den 16. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg på sørsida av Åkrafjorden i Etne kommune i Vestland. Fossen er ein del av Vaulaelva. Europaveg 134 kryssar fossen like over utløpet i fjorden. I 1980 vart det vedteke i verneplan for vassdrag at fossen skulle verta verna mot vasskraftregulering i sommarsesongen mellom 1. mai og 30. september. I ei utviding av verneplanen vart det den 18. februar 2005 vedteke at fossen skal renna fritt heile året.

På bakgrunn av omgjevnadar, volum, høgd og lett tilgjenge har nettstaden World Waterfall Database har kåra Langfossen til den vakraste i verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]