Lansettfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Lansettfisk

Branchiostoma lanceolatum
Lansettfisken Branchiostoma lanceolatum

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Cephalochordata
Vitskapleg namn
Cephalochordata

Lansettfisk er ei gruppe små ryggstrengdyr som omfattar eit par dusin artar på grunt saltvatn over heile verda. Dei er dei virvellause dyra som står nærast virveldyra; og har mange trekk i anatomi og kroppsbygging som liknar det ein finn hjå desse. Arten Branchiostoma lanceolatum finst langsmed norskekysten.

Ein reknar med at det kambriske dyret Pikaia er i nær slekt med forfedrane til lansettfisken.

[endre] Kjenneteikn

Lansettfisk er små, smale og avlange dyr med ryggstreng langs heile lengderetninga til kroppen. Over denne ligg det eit nerverøyr som tilsvarar sentralnervesystemet hjå virveldyr, men utan nokon spesialisert hjerne. Det er likevel tjukkare lengst framme.

På undersida av hovudet har dei ei munnopning som leier inn i ein stor gjelletarm. På sidene av denne har dei ei lang rekkje gjellespaltar - opp til 200 i somme tilfelle. Dei har korkje kjever eller augo. Blodkarsystemet er lukka, men utan hjarta. I buken har dei blodkar som kan trekka seg saman og såleis pumpa i gong sirkulasjonen i kroppen.

Dyra vert sjeldan meir enn 5 cm lange. Over ryggen og under buken har dei ei upara finne som dei nyttar til å lagra næringsstoff i. Desse er naudsynte for danning av kjønnsceller.

[endre] Levesett

Som larvar er lansettfisken planktonisk, og finst frå slutten av juli til oktober. Vaksne individ liknar borna, og lever som regel nedgrevne i grov sand med berre hovudet over botnen. Her filtrerar dei mikroorganismar frå vatnet omkring seg. Dei er òg i stand til å symje, noko som er viktig for at dyra skal kunne spreie og formeira seg.

Ein lansettfisk vert kjønnsmogen ved treårsalderen, og gytinga foregår i skumringa. Dei er særkjønna og har ytre befruktning.

[endre] Kjelder

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i Havet - Nordeuropeisk marin fauna KOM Forlag 2003