Laokoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laokongruppa frå Rhodos, no i Vatikanmuseet.

Laokoon var ein trojansk prest som åtvara dei andre innbyggjarane mot å ta imot hestestatuen som grekarane hadde gjeve dei, utan å bli høyrd.

I ei vidkjend linje frå Aeneiden av Vergil seier Laokoon:

Equo ne credite, Teucri
Quidquid id est, timeo Danaos et dona ferentis
Stol ikkje på hesten, trojanarar.
Kva det enn er, eg fryktar grekarane sjølv når dei gjev gåver

Bybuarane høyrde ikkje på presten, som i sinne kasta spydet sitt på hesten. Ein gud som støtta grekarane, Atene eller Poseidon, sendte så sjøormar som drap Laokoon og dei to sønene hans. Ein annan versjon av legenda seier at Apollon sende slangane som straff for ein annan gjerning, men trojanarane tok hendinga som eit teikn på at hesten var heilag. Det skulle dei koma til å angra på.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laokoon