Laonastes aenigmamus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laonastes aenigmamus


Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Diatomyidae
Slekt: Laonestes


Laonastes aenigmamus, laotisk «kha-nyou», er ein asiatisk gnagar som først blei vitskapleg klassifisert i 2005. Dyret, som i Laos er kjent under namnet «kha-nyou», har ein ca 30 cm lang og lett langstrakt kropp, stutte bein, små og runde øyro, eit noko fyldig snuteparti med lange værhår og ein kring 15 cm lang, noko lodden men ikkje buskete hale. Dyret, som lever i skogar og kalksteinsknausar i Laos, blir seld på laotiske marknader for bruk til mat for menneske. På tidspunktet arten vart klassifisert trudde forskarane at familien Diatomyidae var utdøydd, sidan han tidlegare berre var kjend frå over 10 millionar år gamle fossil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]