Laos
| ສາທາລະນະລັດປະຊາທິປະໄຕ ປະຊາຊົນລາວ Sathalanalat Paxathipatai Paxaxon Lao (norsk: Laos, laotisk) |
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
| Nasjonalsong | «Pheng Xat Lao» | ||||||
| Motto | Fred, sjølvstende, demokrati, samhald og rikdom | ||||||
![]() |
|||||||
| Offisielle språk | laotisk | ||||||
| Hovudstad | Vientiane | ||||||
| Styresett |
Folkerepublikk Choummaly Sayasone Bouasone Bouphavanh |
||||||
| Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
236 800 km² (83.) 2% |
||||||
| Folketal – Estimert (2012) – Tettleik |
6 586 266 (102.) 27,8 /km² (146.) |
||||||
| Sjølvstende |
Frå Frankrike 19. juli 1949 |
||||||
| Nasjonaldag | 2. desember | ||||||
| BNP – Totalt (2010) – Per innbyggjar |
15 680 mill. USD (132.) 2 400 USD (149.) |
||||||
| Valuta | kip | ||||||
| Tidssone | UTC +7 | ||||||
| Telefonkode | +856 | ||||||
| Toppnivådomene | .la
|
||||||
Laos er eit land i søraustasia med grense til Thailand i vest, Kambodsja i sør, Vietnam i aust og Kina og Myanmar i nordvest. Landet har røter i Lan Xang-riket, Landet med ein million elefantar, og moderne Laos blir òg somme tider kalla med dette namnet.
Historie [endre]
Tidleg laotisk historie er prega av Nanzhao-riket, som varte fram til 1300-talet då Lan Xang-riket tok over. Dette riket blei svekka på 1700-talet, slik at Thailand kunne ta over dei ulike statane som var igjen. På 1800-talet kom så desse statane under fransk innflytting, og blei del av Fransk Indokina i 1893. Etter å ha vore okkupert av Japan under den andre verdskrigen blei Laos eit sjølvstendig kongedøme i 1949 under kong Sisavang Vong.
Den politiske uroa i nabolandet Vietnam trekte Laos inn i Den andre krigen i Indokina som var med på å destabilisera landet slik at det opplevde borgarkrig og fleire statskupp. I 1975 tok den kommunistiske Pathet Lao-rørsla makta frå den kongelege regjeringa, og gav landet namnet Den demokratiske folkerepublikken Laos. Landet gjekk frå tette band med Vietnam til økonomisk liberalisering seint på 80-talet, og blei med i ASEAN i 1997.
Geografi [endre]
Laos har inga kystline, men er prega av den veldige Mekongfloda, som dannar grense med Thailand i vest. I aust utgjer den annamittiske fjellkjeda størstedelen av grensa med Vietnam. Vientiane er hovudstaden og den største byen i landet. Andre viktige byar er Luang Phrabang, Savannakhet og Pakse.
Heile Laos er hovudsakleg dekka av skog og fjell, med nokre sletter og høgland. Det høgaste fjellet er Phou Bia på 2817 meter.
Klima [endre]
Monsunen gjev ein god del nedbør i landet mellom mai og september eller oktober. Resten av året er tørt med ein god del sol. Temperaturane held seg stort sett høge året rundt, men i dei nordlege fjellområda kan ein ha kjøligare dagar om vinteren i samband med den nordaustlege monsunen, og ein kan få periodar med kald luft frå Kina.
|
|
|
|---|---|
| Kambodsja | Laos | Malaysia | Myanmar | Singapore | Thailand | Vietnam |
|
|
|
|---|---|
| Brunei · Filippinane · Indonesia · Kambodsja · Laos · Malaysia · Myanmar · Singapore · Thailand · Vietnam |
