Laotisk
| Laotisk (ພາສາລາວ [pha:sa:la:w]) |
||
| Andre namn: | Lao | |
| Klassifisering: | Tai-kadai-språk Kam-tai-språk Be-tai-språk Tai-sek-språk Tai-språk Sørvestleg Lao-Phutai |
|
| Bruk | ||
| Laotisktalande i alt: | 3 184 500[1] | |
| Skriftsystem: | Laotisk skrift | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | lo | |
| ISO 639-2: | lao | |
| ISO 639-3: | lao | |
| Wikipedia på laotisk | ||
Laotisk er offisielt språk i Laos og blir dessutan, i form av dialekten isan, snakka av ein tredjedel av folket i Thailand. Laotisk er eit tonalt språk.
Laotisk er nærskyld med thai, skilnaden mellom desse språka kan jamførast med skilnaden mellom svensk og norsk.
Innhaldsliste |
Dialektar [endre]
Laotisk kan delast i fem hovudmålføre:
- Vientianelaotisk (Vientiane)
- Nordleg laotisk (Luang Prabang)
- Nordaustleg laotisk (Xieng Khouang)
- Central laotisk (Khammouan)
- Sydlig laotisk (Champasak)
Ein sjette dialekt blir isan-språket i Thailand.
Alfabetet [endre]
Språket blir skrive med laotisk skrift
Alfabetet liknar gammaldags thai-skrift, og er tufta på det det gamle thailandske alfabetet. Ein skilnad er at ein har fjerna mange likelydande bokstavar som Thai-skrifta har behelde.
Bruk [endre]
Spprket blir bruka av om lag 3 millionar menneske i Laos, og av knapt 200 000 i Thailand og Kambodsja. 800 000 har laotisk som andrespråk. Bibelenvart omsett til laotisk i 1932. Mellom ein og to tredelar av folket i Laos kan lese og skrive. [2]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lao» frå Wikipedia på svensk, den 5. januar 2013.