Lapis lazuli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lapis lazuli
Lapis-lazuli hg.jpg
Lapis lazuli frå Afghanistan i sin naturlege tilstand
Generelt
Kategori Bergart
Kjemisk formel blanding av mineral med lasuritt som den viktigaste bestanddelen
Identifikasjon
Farge Blå, marmorert med kvit kalsitt og messinggul pyritt
Krystallform Kompakt, massive
Krystallsystem Ingen, sidan lapis er ein bergart. Lasuritt, hovudbestanddelen, opptrer ofte som tolvkant
Kløyv Ingen
Brot Ujamn-muslig
Mohs hardleiksskala 5–5,5
Glans matt
Strekfarge lysblå
Spesifikk vekt 2,7–2,9
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks 1,5
Andre eigenskapar Variasjonane i samansetnaden gjev stor variasjon i verdiane over

Lapis lazuli eller lasurstein er ein bergart som vesentleg består av mineralet lasuritt, med vekslande mengder av kalsitt, sodalitt og pyritt. Fargen er vanlegvis asurblå. Heilt sidan oldtida er han brukt som edelstein til smykker og utskorne lekamar. Han finst fleire stader i Sentral-Asia.

Tidlegare er steinen òg brukt til målarfarge med nemninga «naturleg ultramarin».

Lapis lazuli vart vunne ut i Sar-i Sang-gruvene[1] og andre gruver i Badakhshan-provinsen nordaust i Afghanistan så tidleg som 6000-talet fvt.[2] Lapis-perler er funne i steinaldergraver i Mehrgarh, Kaukasus og så langt frå Afghanistan som Mauritania.[3] Han vart nytta for augnebryn på gravmaska til kong Tutankhamun (1341–1323 fvt.).[4]

Mot slutten av mellomalderen vart lapis lazuli eksportert til Europa, der han vart malt til pulver og nytta som fargen ultramarin, det finaste og dyraste av alle blå pigment. Han vart nytta av dei viktigaste kunstnarane i renessansen og barokken, som Massaccio, Perugino, Titian og Vermeer, og var ofte nytta for kleda til sentrale personar i måleria, særleg Jomfru Maria.[1]

I dag er gruvene nordaust i Afghanistan framleis den viktigaste lapis lazuli-kjelda. Store mengder vert òg vunne ut i gruvene vest for Bajkalsjøen i Russland og i Andesfjella i Chile. Mindre mengder finst òg i Italia, Mongolia, USA og Canada.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David Bomford and Ashok Roy, A Closer Look- Colour (2009), National Gallery Company, London, (ISBN 978-1-85709-442-8)
  2. Moorey, Peter Roger (1999). Ancient Mesopotamian Materials and Industries: the Archaeological Evidence. Eisenbrauns. ss. 86–87. ISBN 978-1-57506-042-2. 
  3. Bowersox & Chamberlin 1995
  4. Alessandro Bongioanni & Maria Croce (ed.), The Treasures of Ancient Egypt: From the Egyptian Museum in Cairo, Universe Publishing, a division of Ruzzoli Publications Inc., 2003. p.310
  5. [1] "All about colored gemstones," on site of the International Colored Gemstones Association.