Lappmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lappmeis
Lappmeis
Lappmeis
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Meisefamilien Paridae
Slekt: Poecile
Art: Lappmeis P. cinctus
Vitskapleg namn
Poecile cinctus

Lappmeis er ein fugl i meisefamilien. Lappmeisa er nær i slekt med lauvmeisa og granmeisa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Lappmeisa er ei relativt stor meis med eit litt langt vele. Fuglen måler 12-14 cm og 11-14 gram. Ho minner om granmeisa, men fjørdrakta er meir brunleg og hetta er mørkt gråbrun og ikkje svart anna enn nær auga og nebben. Kinna er kvite og haka svart. Ryggen har ein varmt brun tone, kroppssidene er rustbrune og buken lyst grå. Oversida på veng og vele er mørk, men dei ytste fjørene har tydelege kvite bremmar som gir ein lysare gråleg nyanse i heilskapsinntrykket. Vengeundersida er lys. Auga er svarte, likeså nebben som er liten og spiss.

Teikning av lappmeis

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglen finst frå subarktiske delar av Skandinavia og austover gjennom Asia til Alaska og lengst nordvest i Canada. Storparten er standfuglar, men ungfuglar kan sume år streife i stort omfang.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Lappmeisa vert inndelt i fire underartar:

Status og trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Lappmeisa er vidt utbreidd, og verdspopulasjonen tel fleire millionar individ. Utfrå dette kategoriserer IUCN ikkje arten som truga trass i at talet på fuglar minkar. Den fennoskandiske populasjonen er ganske liten og minkande; Finland 30 000–60 000 par (1998–2004), Noreg 10 000–25 000 par (1990–2003) og Sverige 40 000–84 000 par.

I studiar har ein påvist større overlevnad og målt større kroppsvekt på ungfuglar som har vakse opp i naturskog samanlikna med fuglar i skog som vert nytta i skogbruket. Lite mat er ein viktigare faktor enn predasjon for overlevnaden til fuglane. Då arten treng samanhengande barskogar med rikt innslag av lauvtre er fragmentisering av skogen eit trugsmål mot arten.

Biotop[endre | endre wikiteksten]

Fuglane er mest i finne i samanhengande eldre barskog, men hekkar og i mindre tal i bjørkebeltet. Underarten lapponicus reknast ikkje å vere knytt til spesielle treslag. Han likar glisne barskogar med rikt innslag av lauvtre, noko som mest er i finne i øvre del av barskogsregionen. Randpopulasjonen i Sør-Noreg likar best furuskog med rik lavvekst på trea. Nominatforma i Asia og den amerikanske populasjonen lever mest i barskog.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Lappmeisa si utbreiing er spesiell, med ein sørleg delbestand (truleg kring 1000 par) tilsynelatande skilt frå den nordlege hovudbestanden. I Sør-Noreg lever fuglen i nordlege delar av Hedmark og Oppland samt søraustre delar av Sør-Trøndelag, og i Nord-Noreg i indre delar av Finnmark og Troms. Arten er truleg og å finne hekkande i Nord-Trøndelag og i Nordland. Sørgrensa for hekkefunn er i nord i Trysil. Lappmeisa si todelte utbreiing i Noreg (og i Sverige) fell saman med skogkledde trakter med kontinentalt preg, låg årsnedbør og kort vekstsesong. Truleg krev arten indirekte eit kjølig og turt skogsklima fordi dette gir den opne skogtypen. I Hedmark er lappmeisa karakterart for slik skog. I Finnmark er fuglen vanlegast i furuskog, men hekkar og regelmessig i rein bjørkeskog. Lappmeisene har store territorier (15-100 ha) og likar gammal og samanhengande skog. I Sør-Noreg bygg fuglane oftast reir i hol etter tretåspetta. I Sør-Varanger er dette den nest vanlegaste reirplassen. Oftast er reiret der å finne i holrom fuglane sjølve har hakka ut i rotne bjørkestubbar. I Finnmark er også hol etter dvergspetta ofte brukt av lappmeisa. Fuglekasser vert og ofte brukt av lappmeiser i Noreg.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen lever mest av virvellause dyr men et og frø, feitt og andre animalske produkt avhengig av tilgang og årstid. I hekkereviret hamstrar fuglen mat i greispissar, greinkløfter, inst i baret, og under barkflak. Lappmeisa har ikkje spesialisert seg som andre meiser og brukar både små og store tre, ulike delar av trea, og ulike høgdenivå i trea. På marka driv ho sjeldan matleiting. Om vinteren opptrer lappmeisa i fugleflokkar med artsblanding.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Egg

Lappmeisa lagar reir i naturlege holrom og i spettehol i ståande tre og høge stubbar, og også i fuglekasser. Om vinteren kan slike holrom nyttast som soveplassar. Hofuglen legg 6–10 egg som vert ruga i 15–18 døgn, og ungane flyg 19–20 dagar etter klekkinga. Ungane og foreldra held saman som ei gruppe om hausten. Midt på vinteren vert gruppa splitta og fuglane etablerer territorium.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Vaksne fuglar held til innanfor territoria heile året. Ungfuglane spreier seg over store område. Hamstring av mat, samt evne til å redusere kroppstemperaturen med inntil 10 ° C hjelper fuglen gjennom ein barsk vinter. Utanfor hekketida lever fuglane i små flokkar, gjerne saman med andre meiseartar. Lappmeisa kan då vere å sjå på foringsplassar. Utanfor hekketida er arten vore sett så langt sør som i Drammen og Vinje. Arten har og vorte sett så langt vest som ved Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Fugleatlas, 1994.