Lapporørsla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lapporørsla (finsk: Lapuan liike), var ei finsk politisk rørsle som vart oppkalla etter kommunen Lappo i Österbotten i Finland.

Oppstart[endre | endre wikiteksten]

Rørsla starta opp i 1929 som ei anti-kommunistisk og fascistisk prega rørsle som definerte seg som protestantisk. Ho vann raskt oppslutnad over heile landet, særleg frå ytterleggåande bønder som hadde kjempa på den kvite sida under den finske borgarkrigen i 1918. Men ettersom anti-kommunisme var norma i landet etter borgarkrigen, fekk rørsla òg stønad frå leiarar i hæren, kyrkja og industrien. Storbonden Vihtori Kosola frå Lappo og general Kurt Wallenius stod som leiarar for rørsla.

Österbotten hadde vore eitt av dei viktigaste haldepunkta til Dei kvite under borgarkrigen, så anti-kommunistiske haldningar var sterke der. Seint i november 1929 arrangerte det kommunistiske ungdomslaget ei samling i Lappo. Dette ergra lokalbefolkninga som gjorde slutt på møtet med hard hand. Den 1. desember vart det halde eit anti-kommunistisk møte som samla over tusen menneske der i staden. Dette vart oppstarten til lappo-rørsla, og ein vart samde om å krevja bannlysing av all kommunistisk verksemd i Finland.

Politisk press[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste målet til Lapporørsla var å få innført lovforbod mot kommunistisk verksemd, og midlane kunne vera valdshandlingar og utanomparlamentarisk press. Regjeringa til Pehr Evind Svinhufvud, som vart finsk statsminister i 1930, fremja lovforslag om dette, men fekk ikkje grunnlovsmessig fleirtal. Marsjar og møte vart haldne av rørsla over heile landet. Den 16. juni 1930 kom meir enn 3000 menneske til Oulu for å øydeleggja trykkjepressa og kontoret til den kommunistiske avisa Pohjan Voima. Same dagen vart ei kommunistisk trykkjepresse knust i Vasa. Ein såkalla "bondemarsj" mot Helsingfors vart ei stor maktframvising den 7. juli. Regjeringa gav etter under presset, og ei ny lov til "vern om republikken" forbaud m.a. kommunistiske aviser i landet.

Rørsla heldt fram med valdshandlingane sine. Den 14. oktober 1930 vart den populære, men liberale tidlegare presidenten Kaarlo Juho Ståhlberg og kona kidnappa, slegne og køyrde til Joensuu. Denne hendinga var med på å endra den nasjonale haldninga til rørsla. Svinhufvud, som hadde vorte valt til president i 1931 med god hjelp og stønad av Lapporørsla, tok no avstand frå henne.

Mäntsälä-opprøret[endre | endre wikiteksten]

I februar 1932 vart eit sosialdemokratisk møte i Mäntsälä valdeleg avbrote av væpna Lappo-aktivistar. Hendinga eskalerte til eit forsøk på statskupp som seinare vart kjent som Mäntsälä-opprøret (finsk: Mäntsälän kapina). Tilhengjarar av rørsla, med general Wallenius i spissen, samla væpna styrkar der med tanke på å marsjera mot hovudstaden. Opprøret tok slutt etter at Svinhufvud heldt ein radiotale til opprørarane. Etter ein rettssak, vart lapporørsla bannlyst den 21. november 1932. Wallenius og om lag 50 andre opprørsleiarar vart dømde til fengselsstraff. Ironisk nok vart bannlysinga gjort ved hjelp av lova til vern om republikken, som rørsla sjølv hadde sett i verk.

Ringverknader[endre | endre wikiteksten]

Forholda og rykta til Finland utanlands vart utan tvil skadde av den breie støtta Lapporørsla fyrst hadde fått av eliten i landet, og av koplinga mellom rørsla og den finske hæren. Med bannlysinga hadde Lapporørsla utspelt rolla si, men ho fekk ein arvtakar i det politiske partiet Fosterländska folkrörelsen (finsk: Isänmaallinen kansanliike, IKL) som hadde eit reaksjonært og nazistisk program, særleg i krigsåra 1939 - 44. Innverknaden partiet hadde i Riksdagen var likevel avgrensa. Partiet fekk 14 mandat ved valet i 1936, og 8 i 1939. Etter våpenstillstanden mellom Finland og Sovjetunionen hausten 1944 vart partiet forbode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]