Lapseki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lapseki
by
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Çanakkale
Koordinatar 40°21′N 26°41′E / 40.350°N 26.683°E / 40.350; 26.683
Areal 882 km²
Folketal 10 727  (2008)[1]
Folketettleik 12 / km²
Borgarmeister Gani Mehmet Ekim
Kart
Lapseki
40°20′38″N 26°41′01″E / 40.343888888889°N 26.683611111111°E / 40.343888888889; 26.683611111111
Wikimedia Commons: Lapseki
Nettstad: www.lapseki.bel.tr

Lapseki (gresk Λάμψακος, Lampsakos) er ein by og eit distrikt i provinsen Çanakkale i Tyrkia. Byen har kring 11 000 innbyggjarar (2010).

Hovudnæringa i distriktet Lapseki jordbruk, men fiske og turisme er òg viktig. Dei mest kjende produkta frå distriktet er kirsebær og fersken, og det arrangerast ein kirsebærfestival i byen kvart år i byrjinga av juni.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt av greske kolonistar frå Fokaia på 500-talet fvt som Lampaskos. Like etterpå vart han ein hovudkonkurrent til Milet og kontrollerte handelen gjennom Dardanellane. Det moderne tyrkiske namnet er avleidd frå det opphavlege greske namnet. Lapseki vart grunnlagt rundt 500 fvt. og var ein av fire busetjingar langs Dardanellane på det tidspunktet.

I antikken hadde byen namnet Pityausa. Kong Mendrom forsvarte kolonistane frå Fokaia mot åtak frå dei lokale innbyggjarane, og han fekk prega myntar for første gongen i historia til byen. Myntane vart prega i namnet til dottera til kongen, Lapseke, og seinare vart byen gjeve dette namnet av kolonistane for å uttrykkje gjelda si til han. På denne måten vart namnet på byen Lampsakos, seinare Lapseki, heilt til i dag.

Byen var ein lang periode under austromarane, og gjekk deretter over på osmanske hender etter at han vart erobra av Süleyman pasja i 1356. På slutten av første verdskrigen var byen okkupert av britiske og franske styrkar. Byen byen frigjort 25. september 1922, mot slutten av den tyrkiske sjølvstendekrigen. I området er gravene 15 000 soldatar som mista livet i sjølvstendekrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Türkisches Institut für Statistik, abgerufen 9. November 2009