Laptevhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser plasseringa til Laptevhavet.

Laptevhavet (russisk море Лаптевых; More Laptevykh) er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom austkysten av Sibir, Tajmyrhalvøya, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane. I nord grenser havet til ei linje som går frå Kapp Arktis ved 79°N og 139°E til Kapp Anisij. Karahavet ligg i vest og Aust-Sibir-havet i aust. Laptevhavet har eit areal på om lag 672 000 km² og seglbart i august og september då det er mindre is enn resten av året.

Laptevhavet er kalla opp etter dei russiske utforskarane Dmitrij Laptev og Khariton Laptev. Tidlegare vart havområdet kalla Nordenskjoldhavet eller Nordenskiöldhavet (russisk море Норденшельда; More Nordensjelda), etter den svenske polforskaren Adolf Erik Nordenskiöld.[1]

Elva Lena, med det store deltaet sitt, og Olenjok munnar ut i Laptevhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Colliers Encyclopedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°N 125°E