Lapu-Lapu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statuen av Lapu-Lapu nær nordaustspissen av øya Mactan

Lapu-Lapu (14911542) (kalif Pulaka) levde på 1500-talet og blir sett på som den fyrste nasjonale helten til Filippinane. Han var ein muslimsk høvding på øya Mactan utanfor Cebu i Visayas-regionen, og låg i fiendskap med Rajah Humabon, som heldt til på hovudøya Cebu.

Høvdingen var den første som stod imot spansk kolonisering av øyane. Det var menn under hans leiing som den 27. april 1521 drap Fernão de Magalhães og fleire av folka hans.

Folka på Cebu har reist ein statue til ære for Lapu-Lapu. Ein by som tidlegare heitte Opon og ei kyrkje på øya Mactan er òg kalla opp etter han.

Lapu-lapu er au det filippinske namnet på ein vanleg matfisk.