Large Electron–Positron Collider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå tunnelen som blei brukt til LEP, no til LHC.
Resonator frå LEP.

Large Electron–Positron Collider (LEP) ved CERN i Genève var ein av dei største partikkelakseleratorane som er blitt laga, og ein av dei kraftigaste leptonakseleratorane. LEP var ein sirkulær akselerator med ein sirkumferens på 27 kilometer, bygd i ein tunnel på grensa mellom Sveits og Frankrike. Han var verksam frå 1989 til 2000, og blei erstatta av Large Hadron Collider, som blei bygd i same tunnelen.

Det blei utført fire store eksperiment med LEP: Aleph, Delphi, L3 og OPAL.

ALEPH[endre | endre wikiteksten]

Under ALEPH (Apparatus for LEP PHysics) blei LEP brukt til å finna den eksakte massen til W- og Z-boson og testa standardmodellen for partikkelfysikk som sa at det fanst tre typar lette nøytrinoar,

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.